• Familietur 2 — Bygdahytta
  • Familietur 3 — Karane gjer som karar kan, passar på grillmaten :-)
  • Familietur 1 — Snart oppe
  • Familietur 8 — Vinnarane av treningsdrakt Monica og Oda
  • Familietur 4 — Kjekt for “alle små”
  • Familietur 9 — Det var råd å prøva båten og ta seg ein tur på Tressvatnet og
  • Familietur 7
  • Familietur 6 — Medaljeutdeling til borna
  • Familietur 5 — Drøsen går :-)

Rapport frå familieturen til bygdahytta 1 mai 2011

!bilde undefined!

Turen starta frå Øyane kl 11.00. Totalt var det 64 personar som tok turen opp til bygdahytta denne dagen, samt 4 hunder. Stamnes IL hadde bestillt sol og fint ver, og denne bestillinga var i boks:-)

Oppe ved bydgahytta var det fyrt i “gruo” slik at det var mogelegt å grilla pylser etc. Bydgahytta var open så det var mogelegt å ta ein titt innom den også. Etter “matøkta” var det trekning av fine premiar på startnummer. 5 flaxlodd fekk nye eigarar og Monica Skjerve og Oda Hesjedal stakk av med hovudpermien, ei Stamnes IL treningsdrakt til kvar.

Stamnes IL takkar alle som møtte opp denne fine 1 maidagen :-)

Familietur til bygdehytta 1 mai 2011

Stamnes IL arrangerar familietur til bygdehytta søndag 1 mai. Start vert frå Øyane kl 11.00. Det vert gratis brus og medalje til borna, samt fine permiar på startnummer.

Møt opp kl 11.00 i Øyane og ta turen i lag med gode vener :-)
NB: SIL har bestillt sol og fint vær på turen :-)

Ny giv

I fylgje Frode skal det snart verta ny driv i denne sida, og godt er det

Årsmøte i SIL

Det vert årsmøte i “Tufti” søndag 14 februar kl 17.00.
Vanlege årsmøtesaker.
vel møtt.

Styret

Lysløypa

Lysløypa er no oppkjørt og klar til bruk.
Lysbrytaren finn du på ein stolpe 50 meter til venstre for brua i Øyane.
Hugs og slå av lyset når du er ferdig for kvelden.

Sesongavslutning for fotballen.

Det vert avslutningsfest for fotballaga vår på torsdag 19 november kl 18.00
Me tek avslutningsfesten på skulen.
Det vert utdeling av diplom og pølser og brus til alle.
Me avsluttar kl 20.00.

Trening for kretslaget.

Kretslaget trenar på torsdag 1 oktober kl 18.00

Seier til Stamnes

Stamnes vant 4-3 borte mot Vaksdal i kveld.
Kampen var velspelt frå begge lag si side og sjansane var jevnleg fordelt på
begge lag.Vidare var me og heldig med veret og vart velsigna med opphaldsver igjennom
heile kampen.
Neste kamp for Stamnes vert heime mot Ørnar 13 oktober.
Bilde frå kampen i kveld vil verta lagt ut i løpet av morgondagen.

Bortekamp mot Vaksdal 28 september

Neste kamp for kretslaget er borte mot Vaksdal på
den nye kunstgrasbana til Vaksdal. Kl 17.15 Tysdag 28 sep.
Spelarane må møta på Vaksdal innan kl 16.45.
Det vert ikkje organisert køyring til Vaksdal.
Vonar mange foreldre tek turen ned og ser på laget.

Stamnes idrettslag

Følges av 11 medlemmer.

Denne sonen er lukket for nye medlemmer.

Origo Stamnes idrettslag er en sone på Origo. Les mer
Annonse

Nye bilder